- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
233

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

238

Kyrkjegard fekk rettig nok ikkje Tune-Borken,
men det har so mange verdshistoriske personar
heller ikkje fått.

SKOGANE VERT DELT

I gamle dagar var all skogen i Hallingdal sam-
eige, og tømmeret vart ikkje nytta til anna enn
ved og byggefang. Store stokkebål flamma allstøtt
på peisen, omnar fanst ikkje. Hustømmeret var so
svert, at det gjekk berre tri stokkar i mannshøgde.
Tømmerhandel var ukjend, dei store skogane låg
her til liten nytte. Kvar og ein tok det han hadde
bruk for av skogsvyrkje, eigedomsskog var det
ikkje tale um. Men etter som tidi skreid auka
folketalet i dalen og fleire trong soleis til skogs-
vyrkje. Det tok til å ovre seg dei tankane at det
var greiast at garden hadde sin eigen skogteig.
Det var ofte store grender frå ei 2—3 bygder som
delte ei skogvidd millom seg.

Gaute Garnos, godfar hans Gampe-Gaute, vilde
hava skogen delt.

Ein dag la han ei brennevinskløv på hesten og
leidde umkring til dei som hadde skog i hop med
han. Han trakterte alle rundeleg med brennevin og
soleis fekk han skogen på heile slerkja som vatnet
renn frå gjenom Garnosdalen. Dette var i Nes-
gjeld. So reid han til Gol, Torpo og Ål med bren-
nevinkløv og spurde kor langt dei ynskte seg skog
der. Alle fekk brennevin det dei vilde og alle var
samde i det, at når dei fekk skog so langt upp i
åsen som dei såg frå garden, heimefrå, so gjorde
dei ikkje med meir. Slik gjekk det til at Garnos-
skogane når so vidt på alle kantar. Garnosskogane
og Gulsvikskogane er svere vidotter, og dei største
i heile Hallingdal. *

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0237.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free