Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
- 5 ’-
stadir er det herre smaaborni, som fær eit grand
nymjølk. Dei andre drikk kaffi; og i staden for
smør er det margarin og sirup, og i staden for
den gamle feitoslen noko skrinn ost av blaamjølk,
som alt feitt er vel utskilt or.
Men nettupp det at skiljekinna fær leita so
vel utskild, er det som gjer ho gjæv, so at no maa
alle hava ho. Handlarane kyter ho ut med
„analyser" som syner kor vel ho skil ut or mjølki
kvar rjome von, so at 110 kann bonden faa meir
smør enn fyrr; og smør er pengar. Glad er
bonden og takkar til; 110 maa det bli velstand, trur
han. For „det er kontanterne der spørges efter i
vor tid," maa tru; og kinna fær han paa svært
lempelege avdrags-vilkaar.
I ei lita fjellbygd hev eg set paa dette. Kvart
hus fekk denne skiljekinna. Ja um det var ei
fatigkone som sat paa eit plass med ei einaste ku,
rjomeskiljar hjelpte dei henne til med.
Men noko velstand liev eg ikkje høyrt gjeti
etter dette. Det eg veit er, at ungdomen i bygdi
— den som ikkje er farin til Amerika (laa —, den
liev døytt mest reint burt av tæring. Og um
rjomeskiljaren ikkje er upphav til dette, so hev
han daa visst hjelpt godt til.
Men skiljegogni breider seg meir og meir; og
der ho er komi held ho seg. Ikkje for di l’olk
trur lengi paa denne store vinningi, handlarane
lova. Dei ser snart, at rikare vert dei ikkje; og
det nye matstelle vert dei baade leide og keide av,
og dertil urolege, naar dei ser paa ungdomen som
veiknar og bleiknar. Men ein god ting gjer
skiljegogni. Ho sparar arbeid. Og det vert no for tidi
snart sagt alt. Byane og driftsverki dreg
folke-hjelpi burt fraa bygdine; budeigjur er mange
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>