- Project Runeberg -  Matstell paa Landsbygdi /
35

(1907) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 35 —

nytte det som heime veks, og skyna kva det duger
til. Ein fær hugse, at ofte nok er det kunnskap
i reine abc-ting som vantar fysst og fremst;
folkeskulen hev so mykje anna aa stræve med, lian, at
det daglige live kann han ikkje tenkje paa.

Og endaa linst det folk som trur, at ine hev
for mi/kje husarbeidsskular paa lande. Me kunde
slaa deim ihop med jordbruksskulane og soleis
spara nokre skillingar, meiner dei. Og mange
høyrer paa desse, av di dei fører orde „spara" i
munnen. Me trur enno her i Norig, at det aa
„spara paa skillingen" er i alle tilfelle sparsemd.

Det vil vera rett her som andre stadir aa opne
jordbruksskulane for kvende som vil lære aa styre
jord; men det me mest treng er serskular i
kvende-arbeid. Fysst maa ei landsgjente lære reinhald;
so maa ho lære og stelle ljos og kjøk og
kjøken-hage; og" ikkje minst maa ho lære aa stelle born
og sjuke (dette maa bli faste læregreinir i alle dei
kvendeskular som ikkje berre skal vera til stas).
Kann ho so dertil faa upplæring i geografi, kemi,
anotoini o. s. fr., so er det godt; men slikt fær
korna etterpaa.

Sjølve den anatomien ein treng i eit hus, lærer
ein mykje betre, naar ein med kunnig rettleiding
er med og limar sund ei I slagt, enn av mange
lange anatomiske bok-„timar". Og den kemien,
ein kann puge i seg paa ein skulebenk i nokre
kursusmaanar, er det vel ikkje mange husmødrar
som kann hava noko hjelp av. Det meste er
gløymt, uaar ein kjem utav skuledøri, og soleis
eidet berre burtkasta lid.

Fridtjof Nansen sagde i ein fyrelesnad i
„pædagogisk samfund" for nokre aar sidan: Naar ein
vil faa greide paa korleis ein lisk er vaksin, kvi
skal ein daa plent lesa seg til det i bøkar; kvi

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:32:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/matstell/0037.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free