Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
at det skulde prentast ein ny matrikkel med det same.
Finansdepartementet tilsette ein annan redaktør, fullmekt
i Revisjonsdepartementet B. Plesner (seinare kom cand.
jur. P. A. Borchgrevink i hans stad). Og dessutan sette
det denne gongen ein mann til aa ha serskilt tilsyn med
skrivemaaten paa namni. Det var den mannen som Daa
hadde peika paa i «Morgenblad»-artikkelen sin, kaptein
Gerhard Munthe. Han kom til aa gjera mange
spraaklege brigde med matrikkelen. Og um han so ikkje
i alt hadde dei same principp som Daa, var like vel
mykje av det han gjorde i samsvar med det Daa hadde kravt.
Ein maa tru at Munthe hev kjent artikkelen til Daa og
i nokon mun hev teke umsyn til han.
— Det offentlege kunde snaudt ha funne nokon mann
den gongen som var betre skikka til aa staa fyre ein
spraakleg revisjon av matrikkelverket enn Gerhard
Munthe. Det var rett det som Daa hadde skrive um honom.
Munthe hadde drive med kartarbeid sidan 1811. Han
hadde lese gamalnorsk, og hadde gjort vidfemnande
granskingar um Noregs historiske geografi. Dei geografiske
merknadene som han gav til Jacob Aalls Snorre-umsetjing
— ho kom ut med dette bilet, 1838—1839, «brød en aldeles
ny bane i den geografiske oldforskning» (P. A. Munch).
Jacob Aall skreiv sjølv um dei at dei «udgjøre værkets
høieste pryd». Granskingane sine hadde Munthe bygt
for det meste paa uprenta kjeldor: jordebøker og diplom;
diplom hadde han gjenge igjenom i tusundtal. Med dette
hadde han fenge betre kjennskap enn nokon daa til
korleis namni var skrivne i det gamle norske maalet. Og
kartarbeidi hans laut òg ha hjelpt honom til aa verta meir enn
vanleg kjend med det norske namneverket.
Me skal sjaa nøgnare paa dei brigdi som Munthe
gjorde. Me vil daa ikkje jamføra med Blichfeldts matrikkel,
for han vart inndregen og fekk ikkje stort aa segja. Me
vil jamføra med eit uprenta matrikkelverk som me hev
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>