Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
saki heilt ut or handi paa riksstyret og greida med henne
paa eigi hand, utan umsyn til det riksstyret hadde gjort.
Oluf Rygh svara paa kritikken yver
kommissjons-mandatet i ei lang utgreiding i «Morgenbladet».[1] Det
kom honom ved ikkje mindre enn riksstyret. Og hans
namn hadde vorte nemnt. Han forsvarar seg og
riksstyret, for at dei ikkje vilde ha noko vidare namneretting.
Han heldt fram, sterkare enn i tilraadingi fraa december
1877, at tilhøvi her i landet var ikkje so abnorme:
forrengde namn vilde dei ha fenge ogso utan dei danske
embættsmennene som «Dagbladet» klaga paa. Skilnad
millom skrift og uttaleformer fanst i alle land, og større
mange stader enn hjaa oss. Og so samlar han upp alle
vanskane med ei drastisk namneretting. Der var praktiske
vanskar, for posten og for forretningslivet. Og der var
vitskaplege vanskar. Dessutan: det framlegget som
«Dagbladet» gjorde seg til talsmann for, «staar i den nøieste
forbindelse med meninger om vore sprogforhold, der stille
sig fiendtligt ligeoverfor vort nuværende skriftsprog»; og
dei meiningane hadde «vistnok adskillige ivrige og
virksomme talsmænd blandt os», men dei hadde daa «endnu
flere modstandere og ere meget langt fra at have vundet
almindelig tilslutning». Rygh spelar maalføri ut imot
uppnorskingi: maalføri var so mange og ulike, at ein kunde
ikkje fylgja dei. Daa var ein nøydd til aa søkja hjelp
hjaa «landets almindelige skriftsprog», — den utvegen aa
jamna ut maalføri etter sernorske reglar, gjeng Rygh i
samsvar med sine synsmaatar ikkje inn paa. Skulde elles
noko fram her, sluttar Rygh. so var ikkje Staten —
som Vonheims-mennene hadde kalla paa — den beste til
aa fremda ein reform. Betre og tryggare var «sagens
naturlige udvikling».
Traass i alt vægjer Rygh noko i denne artikkelen. Han
lovar ein revisjon som i røyndi gjeng lenger enn ein
kunde tenkja etter tilraadingi hans fraa december 1877. Um
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>