Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
programmet som O. Rygh hadde drege i von i «Morgenbladet»,
vart det truleg mesta som nemndi meinte, skreiv ho. Ho
lagde berre til at kommissjonen burde arbeida saman med
dei lokale myndigheitene.
Konstitusjonsnemndi fyreslo at Stortinget skulde
senda framlegget aat Vonheims-mennene fram til riksstyret.
Praktisk var det soleis ei heller veik tilraading
Stortinget fekk lagt fram fyre seg. Det at nemndi so burt
imot akceptera programmet aat O. Rygh i
«Morgenbladet», veikte av og stod paa ingen maate i samsvar med
dei teoretiske præmissone. Det var dei i nemndi som
vilde ha gjenge lenger. Fleire vilde ha sett upp krav um
at Ivar Aasen skulde koma med i namnekommissjonen.
Men dei hadde fira paa det, daa dei fekk inn tillegget um
at kommissjonen skulde arbeida saman med heradstyri;
dei trudde det skulde faa mykje aa segja.
Naar tilraadingi vart so veik paa slutten, kom det
visseleg av at det i røyndi var nokso skilde meiningar innan
nemndi. Dei ihuga norskdomsmennene fekk daa hine til
aa gaa med paa alt det aalmenne, men ikkje paa sterke
praktiske krav. Endaa til i den avveikte formi vart ikkje
tilraadingi radt samrøystes. Professor Aschehoug —
føraren for høgrepartiet — gav i konklusjonen planen aat
Rygh medhald heilt ut; han aatvara mot aa brigda namni
so det kunde verta mistyding, og tolka lovi soleis at ved
alle namnebrigde laut dei ha samtykkje hjaa dei som
aatte gardane. Eit par andre nemndemenn gjorde
mindre atterhald.
I Tinget kom saki upp den 18. juni. Det vart eit kvikt
og heller kvast ordskifte. Men det vart ikkje nokon stor
debatt, og dei kom ikkje stort inn paa kjernespursmaalet
som laag under: um retten for det norske maalet, og um
stoda aat bokmaalet i namneverket. Dei hadde no òg
nyleg havt eit stort maal-ordskifte: ordskiftet um talemaalet
i barneskulen den 13. og 14. mai. Dessutan var det tett
fyre Stortinget skulde fara heim, — Tinget vart uppløyst
den 21. juni. Fleire av talarane strika under kravet um
at namnekommissjonen skulde raadføra seg med
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>