Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
(for Søndre og Nordre Trondhjems amt fyreslo dei no
Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag). Medan kommissjonen fraa
1902 etter mandatet sitt berre hadde sett upp nokre
aalmenne principp for heradsnamni, sette Hægstad og Falk
upp ei specificera liste yver dei heradsnamni [1] som dei tykte
naudsynlegast trong til brigde (millom 130 og 140 namn).
Kyrkjedepartementet sende framlegget fraa Hægstad
og Falk rundt til stiftsdireksjonane, amtsutvali, biskopane,
sokneprestane, heradstyri; lensmenn, sorenskrivarar og
amtmenn skulde òg gjeva umsegn. Dei umsegnene som
kom inn, gjekk so til dei tvo sakkunnige, og dei gav ei ny
fraasegn. Attaat kom dryftingar millom
Kyrkjedepartementet og Justisdepartementet.
Under desse umstendelege fyrebuingane var det at
stortingsmenn sende dei personlege uppmodingane me nemnde
til kyrkjeriksraadane.
Utanfor Stortinget fylgde dei òg livande med.
Det kom resolusjonar inn til riksstyret. Baade
kunnige og ukunnige diskutera i pressa, og vart meir ihuga di
næmare det saag ut til at avgjerdi kom. Mest interesse
var der, som rimelegt kann vera, for dei største
embætts-krinsane, [[** sjk]] bispedømi og fylki. Den konservative pressa,
likeins som det konservative partiet, var i det heile imot
nokor namne-umbot. Um einskilde punkt i framlegget
fraa dei sakkunnige kunde det vera heller stor
meiningsskilnad elles òg; soleis um nemningi «fylke». Men alt dette
ligg nær, og det vilde føra for langt aa gaa inn paa det.
Me kann berre referera det viktugaste av det som dei
officielle aktstykki fortel.
I slutten paa aaret 1917 hadde administrasjonen ferdig
heradsnamni. Etter tilraading fraa
Kyrkjedepartementet fastsette riksstyret med ein kgl. res. den 3.
november 1917 ny skrivemaate for ei lang rad med heradsnamn
(og nokre namn paa lensmannsdistrikt). Til saman var det
millom 180 og 190 namn i den endelege lista.
Namni paa bispedøme og fylke og likeins nemningane
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>