- Project Runeberg -  Norsk namneverk /
131

(1927) [MARC] Author: Gustav Indrebø
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

navn Christiania».[1] Ivar Aasen skreiv — anonymt — i
«Dølen» 1866: «Me kunna ikkje annat en kveda med i
den utsegni av Munch, at Christiania er eit namn, som fyre
oss er «halvbarbarisk». Det er mødesamt fyre aalmugen,
med di det hever so framand form, at det lett kann verda
mistak i sjølve uttalen.» «Det er ogso mødesamt fyre dei
folk, som skulo skriva det mange gonger um dagen: difyre
sjaa me ogso ymse undarlege avkortningar (som Chra,
Chria, X.ania), og soleides hava me her nokot av den same
plaaga som med andre lange og leide namn, som dei
danske kongar hava bundet paa oss, som Christiansand,
Christiansund, Frederikshald, Frederiksstad og fleire, som baade
ero til møda fyre folket, og som dertil ogso ero uduglege
til minne-namn, av di det hever voret so mange kongar,
som heitte Kristian og Fredrik, at det ofta er vandt at vita,
kven det var, som sette namn paa staden. Med si latinske
form hever namnet Christiania eit skin av studering og
dertil ogso eit skin av heilagskap, daa ein snaraste skulde
tru, at det kom av ordet christianus (ein kristen), og i det
tilfellet vilde det høva best til ei nybygd i eit land, som
var fullt av heidningar.» «Og sidstpaa er det ogso nokot
blygslegt, at hovudstaden i vaart land skal hava eit
latinsk namn, medan derimot so mange andre hovudstader
hava uppehaldet dei stutte og nette namni, som folket sjølv
hever gjevet deim i den uminnelige forntidi.» Men,
segjer Ivar Aasen, «eit slikt uhøve maatte vel endaa vera
raad til at retta paa.» «Men slikt verd inkje gjort med
det, at ein berre tenkjer, at det skulde vera gjort; det
duger ikkje at segja, at det no er for seint, at det inkje
nyttar, at det er umogelegt, og so frametter. Me hava rett til
at halda paa vaare gamle namn, og utlendingen kann
inkje formeinka oss at nemna vaare byar, som me sjølve
vilja, naar me tala til vaart eiget landsfolk. Vistnog er
det so, at eit slikt umskifte kann ikkje verda gjort i nokor
hast, og at det namn, som no er i bruk, i visse tilhøve ogso
maa standa fyre framtidi. Men ei god vending kunde daa
altid verda gjord paa den maaten, at folk av eigi drift
vilde bruka det gamle namnet i brev og bøker, i dagleg
tale, og i alle dei tilfelle, daa dei inkje ero nøydde til at
bruka nokot annat. Det vilde gjera so myket, at landsens
folk vordo kjende og vande med namnet, so dei med tidi
inkje trengde um nokot annat namn til daglegt bruk og
millom sine eigne landsmenner; og naar det var so langt


[1] Det Norske Folks Historie II, s. 202 merkn. IV, 2 s. 646.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:59:04 2025 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/namneverk/0131.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free