- Project Runeberg -  Norsk namneverk /
163

(1927) [MARC] Author: Gustav Indrebø
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

det vel so nær aa skriva Fredriksstad,
Kristianssan
d, Kristianssund; jfr. Fredriksvern (med
s). — Namnet Harstad inneheld ordet hard, d. e.
hord, mann fraa Hordaland, og skulde strengt teke skrivast
Hardsta
d, — um ein òg med Falk og Hægstad kann
segja at so sers paakravt er ikkje det brigdet.

Endeleg hev ein nokre namn som stend i ei serstode.
Anten gjeld det radikale brigde i dei namni som er, eller
verkelege namnebyte.

Fredriksvern. Dette namnet høyrer strengt teke
heime under heradsnamni, men det høver vel so godt aa
nemna det her. «Fredriksvern» er eigenleg eit herad i
Vestfold; men i hovudsak er dette heradet plent det same
som strandstaden Stavern. I vaare dagar gjeng det
so at «Fredriksvern» mykje held paa aa trengja namnet
Stavern til sides. Det er der ingen fullgod grunn for.
Tvertimot er der grunn til aa lata namnet Fredriksvern kverva
og lata Stavern koma i staden som heradsnamn òg.
Stavern er det eldste namnet, det finst alt i gamalnorsk.
Fredriksvern er ikkje eldre enn ifraa 1750. Daa grunnlagde
dei ein marineverv med tilhøyrande festningsverk attmed
Stavern, og kalla dette militær-etablissementet
Fredriksvern. Men strandstaden vart heitande Stavern framleides,
og det var i lange tider ei sers streng grense millom
Fredriksvern som var militær, og Stavern som var berre civil.
I 1799 vart Stavern og militærstasjonen slegne i hop til ei
sokn, og seinare til eitt herad, som daa hev fenge namn
etter militæretablissementet. Men no er marineverven
m. m. flutt til Horten, og festningsverki brukar dei ikkje,
anna berre til aa turka fiskegarn paa. Det som dei
upphavleg kalla Fredriksvern, hev soleis ikkje noko liv lenger. Det
er daa reint urimelegt at dette unge, laga namnet skal
trengja eit gamalt og godt namn til sides. Aa kalla strandstaden
og heradet her Fredriksvern er endaa falskare enn um dei
vilde kalla Horten for Karljohansvern. For
Karljohansvern og marinestasjonen der er daa i bruk og hev noko aa
segja for byen.

Reint spraakleg byggjer namnet Fredriksvern paa ei

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 18:06:05 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/namneverk/0163.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free