Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
spela inn ved denne namnlagingi, likeins som ved
«Fredriks-vern». Fosn finst stundom forrengt i skrift til
«Fosund». Det ser ut til at dei hev uttydt det som «Fos-sund»;
derifraa er visst baade «sund» i det nye namnet og
fossen i bysiglet komne. Gerhard Schøning skriv utan
tviking i 1773 at «Fosund» «oprindelig stammer fra ordet
foss» (Reise gjennem en deel af Norge 1773—1775 I, s. 183).
Det er sers god grunn her til aa taka det gamle namnet
upp att. Det so mykje meir som det gamle namnet hev
halde seg godt i daglegtala. Bygdefolk paa Nordmøre
kallar framleides byen for Fosna. Til radt nyleg sagde dei
ikkje noko anna.[1] «Fosna-ver», d. e. ver til aa sigla til Fosna
i, «Fosna-skrin» var faste nemningar. Og i byen sjølv er
det namnet vel kjent, og nytta i namn paa ymse
forretningar m. m. I 1918 var det eit mindretal i formannskapet
(4 mot 7) som røysta for aa taka upp att det gamle
namnet. (Ei protestliste fekk 4 566 underskrifter.) I 1925 var
saki uppe i bystyret paa nytt. Men «Fosna» fekk ikkje
fleirtal daa heller.
Fosn — bundi form Fosna — gjeng attende paa
gamalnorsk Fólskn. Det tyder «løyne, livdarstad». Staden
hev fenge det namnet for den gode hamni si, som er orsak
til at det i det heile hev vorte by der. Namnet Fosna
— i den formi bør namnet takast upp att — er soleis eit
sers karakteriserande namn. Det peikar med tydingi si
paa det som er sjølve det upphavlege og naturgjevne
grunnlaget for denne byen.
Bergen.[2] Dette bynamnet er eit gamalt gardsnamn.
I gamalnorsk skreiv dei det paa fleire maatar, som svarar
til ulike maalføre. Ei sudaustleg form var Bjargvin.
Henne finn ein i det 13. og 14. hundradaaret. Men ho er
lite nytta. Sameleis er det med Bjærgvin — fyrste
gong 1283 —, som kjem av Bjargvin. Den vestlandske
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>