- Project Runeberg -  Norsk namneverk /
180

(1927) [MARC] Author: Gustav Indrebø
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

tradisjonsrikaste av dei norske byane. Her, um nokonstad,
vil ein difor ljota igjenom eit namnebyte. Kva for eitt
av dei tvo namni ein hev aa velja millom som daa vil
verta valt, Nidaros eller Trondheim, kjem til aa avgjerast
reint kjenslevore. Det skulde liggja nær, synest det, naar
dei fyrst skal til med namnebrigde, aa gaa attende til det
upphavlege bynamnet. For «Nidaros» er visseleg det av
dei tvo som det fylgjer mest av historie og stemning med,
for heile folket. Byen ved Nidelvi var riksens verdslege
hovudstad i lange tider og endaa mykje lenger den
kyrkjelege hovudstaden; det var den kulturelle midstaden i
ei stor tid; meir enn nokon annan by stend han midt i
ljoset av soga fraa den fyrste sjølvstendetidi for Noreg; det
fremste nasjonalminnesmerket — rikskyrkja — vart reist
der; — alt dette er knytt til namnet Nidaros. «Trondheim»
kann ikkje ha det same kjensle-innhaldet med seg, og den
same historiske glansen.

Det hev vore nemnt til eit motkast imot «Nidaros», at
det er ikkje «ljodrett» ifraa nynorsk maalsynsstad. Men
i slike tilfelle som her kann endaa mindre enn elles strengt
fonetiske umsyn aaleine vera avgjerande. Historisk kjende
namn, som hev fenge innhald ifraa soga, stend i ei serskild
stode.[1] Det som ein lyt spyrja etter, er fyrst og fremst um
det namnet som dei historiske associasjonane knyter seg
til og som det er tale um aa taka upp att, kjennest
naturlegt
for maalsansen i notidi eller ei. Ved
«Nidaros» kann ein daa peika paa at det hev kome seg ikkje
so lite inn i maalbruket att i det seinare reint av seg sjølv.
«Nidaros-domen» t. d. er det vanlegaste namnet no
i bladi paa det som officielt heiter «Trondhjems
domkyrkje»; landsinnsamlingi til domkyrkja hev beint fram fenge
fargen sin av det namnet. Slikt tyder paa at maalsansen


[1] Aa gaa strengt etter det som er «ljodrett», kann av og til føra
til mislege resultat: ein vilde t. d. faa «Børjeting» for Borgarting, og
«Horaland» eller «Horeland» for Hordaland. Nidaros vilde vel
«ljodrett» heita «Neros» no, jfr. skrivemaaten «Nidros» i millomnorsk
tid.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:59:04 2025 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/namneverk/0180.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free