Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
berre ei skrivelune hjaa dei kongelege skrivarane (millom
dei 4 brevi som daa vert att med Norig, er det som er
norsk-lita fraa 1474).[1] — Landsvistbrevi, som er paa norsk,
hev Norig (15 originalbrev) og Noreg (1) alle saman.
I maalføri no segjer dei mykje Norge, med
hard g. Truleg er det uppteke etter skrift allstad som det
finst.
Dei gamle ekte bygdemaalsformene er ulike paa dei
ulike kantar av landet. Og ein kjenner ikkje radt
grannsamt til korleis dei er allstad. Ymse stader er dei i
utdøyande. Noreg kjenner ein fraa Austagder (Aamlid).
Etter det sume segjer, skal den formi ha livt til vaare
dagar sumstad i Vesttelemark òg.[2] Nore (nøgnare: Nåre,
med lang vokal og tvostavings tonelag) kjenner me fraa
bygder attmed Oslofjorden, soleis ifraa Nesodden, Aas og
Frogn i Follo, fraa Hurum i Buskerud, Strømm i Vestfold.
Det er mest den eldste slekti, men ikkje allstad berre ho,
som kjenner formi. Nore er òg den gamle formi i fleire
av byane her, soleis i minsto i Drøbakk, Hvitstein, Hølen,
Svelvik, Holmestrand. I sume av desse byane nyttar dei
ymist denne formi i folkemaalet den dag i dag.[3] Dessutan
hev dei skrive upp Nore fraa Kvelde i Sud-Vestfold, fraa
Austagder (Vegaarsheid), og fraa Flesberg i Numedal,
korleis no formi er aa forklaara der.[4] Norig er kjent ifraa
Agder, serleg dei indre bygdene.[5] Nori (Nåri, med
tvostavings tonelag, kjenner me fraa bygder langs havsida fraa
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>