Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
forvridning af dativformen Noregi eller Norege; Norska
folket sjelft säger alltid Norig eller
Noreg» (understrika her). Munch hadde den gongen han
skreiv dette, butt i Gjerpen og Oslo, og gjenge paa skule
i Skien. Utsegni hans torer ein vel daa taka til
vitne-maal um at han hev høyrt vanleg «Norig» eller
«Noreg» (d. e. Nori, Nore) paa desse stadene. Ein gard i
Gjerpen, som dei skriv «Norge», kallar dei framleides Nori, [1]
og i folkemaalet i Skien er Nori i bruk enno, som nemnt.
I Oslo segjer dei ikkje anten Nori eller Nore no, det me
veit. Men etter Munch skulde dei daa ha sagt anten det
eine eller det andre — helst Nore — paa hans tid. Det er
i seg sjølv ikkje urimelegt; for dei hev Nore den dag i dag
i Follo og andre grannebygder til Oslo, som me hev vist,
og likeins i fleire av grannebyane. For landet elles er det
tenkjelegt at Munch einast hev drege aalmenne
slutninger ut ifraa det som han beinveges kjende til. Like vel
kann ein minna um at paa studieferder hadde han kome
til Hallingdal, Numedal, Telemark m. fl. bygder, so han
kunde ha beinveges kunnskap noko vidare ifraa.[2]
Umfram forvitnelegt er det at me her fær eit vitnemaal som
gjeng i den leid at dei hev sagt Nore(g) i hovudstaden
enno ikring 1850.
Ein innsendar i «Morgenbladet» 1833, som ikkje
namngjev seg, hev ei lang utgreiding um namnet Noreg m. m.
Innsendaren tek ymist i mist i spraakhistoriske ting, men
er ein kunnig mann i mangt etter tidi. Ein kunde tenkja
seg at det hev vore den unge P. A. Munch. Men det er
nok ein eldre mann, H. L. N. Steenbuch, som var professor
i jus ved Universitetet. Han var trønder. I Oslo hadde
han butt sidan 1816. Han skriv: «Vor norske almue,
forsaavidt den hidtil har bestaaet kampen med præster,
skoleholdere og skolebøger, kalde dog deres land endnu
enten «Noreg», eller «Norri» (for «Norrig»).[3]
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>