Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
liten og undrast paa, at altid skulde daa
dei vaksne hava Rett.
Hug til aa arbeida fekk han ikkje
med dette. Han kunde sant aa segja
ikkje skyna, kvi Gud, som var almegtig,
ikke liksogodt kunde gjeva oss Maten
utan Arbeid. Kva vilde det kosta
honom aa lata det rigna lidt Manna, ja
gjerna Velling og andra gode Ting med? —
For aa arbeida var daa berre ei Plaga.
Vaarvinna var endelig slutt, og so
skulde det vera Skuie ei 3—4 Vikur,
millom den og Slaatten. Ole Johannes
likad ikkje denne Skuleturen midt paa
Fyresumaren, for just daa hadde dei
Bruk for Smaagutarne til aa gjseta. Og
det var ikkje fritt han slog paa, at i
Aar var det best Daniel var heime av
Skulen. Men daa vart Daniel reint utav
det. Skulen var det gildaste han visste.
Der slapp han aa arbeida; der fekk
han leika seg i Sundagsklrede saman
med mange Kammeratar; og inne i
Skulen greicide han seg so vidt godt, at
han kunde lika seg der med. Han
maatte paa Skulen! So gjekk han til
Mor si og sutrad og bad for seg, og
gamle Maren maatte daa som vanlegt
vaaga Troya for Guten sin. Og ho fekk
fram det ho vilde; for I10 visste, kva
Kant ho skulde taka Gamlen fraa. »Du
ser det er Ilovud paa Guten,« sagde
ho; »og Hug til Boki hev han og; kven
veit, kva det kann verta av han, dersom
han fajr Laerdom?« — »Aa, han faer vasl
halda seg til den Stand og Stilling, som
Vaarherre hev sett han i«, svarad Ole
Johannes tvert. — »Aa ja; men me hev
no set so mangt av det Slaget«, svarad
Maren. »Sjaa no berre som Son hans
Jo Kleppe, som vart Prest! — Ja, me
ska no ikkje tenkja so hogt; men det er
daa ingen, som veit nokot.« — »Aa du
snakkar som du hev Vit til«, meinte Ole
Johannes. »Men, naar Guten plent vil
paa Skulen, — so fa:r han vael gaa daa,
veit eg!« — Glad var Maren, og endaa
gladare Daniel.
Paa Skulen var godt aa vera. Folk
hadde det altid litt reinslegt og koselegt
inne, naai Skulen var paa Garden, og
Skulemeistaren var so snild, at han aldri
slog andre end dei, som gjorde
Fante-stykkje, og det gjorde Daniel aldri. Og
ikkje Judith helder. Det maatte vera
gildt aa vera Skulemeistar. Her kunde han
gaa inne all Dagen turr og varm, ja
sun-dagskliedd og fin, og vyrd som ein
frarr.i-fraa Mann av alle; god Mat fekk han,
og Skulen var daa ikkje stort annat enn
ein Leik mot aa gaa og vabba i Moldi.
Daniel tenkte titt med seg: den, som
kunde verta Skulemeistar.
Paa Skulen fekk han ein Dag ei
Förklaring um Arbeidet, som han lagde Merke
til. Dei hadde i Forklaringi um
Synde-faldet, og der viste det seg daa, at
Arbeidet var komet av Syndi. Hadde ikkje
Syndi voret, so hadde me voret frie
Arbeidet. Vael hadde Adam og Eva arbeidt
paa ein Maate i Paradis og; det stod,
at dei var sette i Edens Hage til aa
dyrka og vakta den. Men fyre
Synde-fallet var Arbeidet berre som ein Leik
elder ei Moro; for daa var Naturen so
godviljug mot Mennesket, at Arbeidet
gjekk av seg sjölv og gav dei rikaste
Frukter for mest ingenting. Derimot etter
Syndefallet hadde Naturen vortet so vrang
i og forvend, at han berre gjorde Motstånd
mot Mennesket, so Arbeidet no var ein
tung Trajldom i Strsev og Sveitte, og
endaa gav Jordi so lite av seg, at det
berre var so vidt me kunde liva. Dette
totte Daniel han forstod. Arbeidet var
ei Straff! Det var, som naar de sette
vonde Folk paa Tugthuset. Aa den
Skarven, den Adam, som berre for eit eineste
Eple hadde fort all denne Traaldomen
yver oss, og det han, som hadde Hagen
full av Eple cg Kirsebaer, som han kunde
eta av so mykje han vilde!
Men, heldt Laeraren fram, maatte
ein ikkje segja, at Gud var streng, naar
han straffad oss paa denne Maaten?
Var det ikkje stygt av Gud aa leggja
so hard ei Tyngsla paa oss? Daniel
visste, at det gjekk ikkje an aa segja,
at Gud gjorde nokot, som var stygt, og
difyr svarad han hugheilt Nei, endaa
han i Grunnen undrast paa, korleis
Läraren vilde klara den Saki. Men det
viste seg, at Laeraren her som hellest
visste, korleis Saki skulde klarast. Nei,
sagde Laeraren, det var ikkje stygt
av Gud. Tvertimot! For etter Synde-
v a b 1) a, vacle. — hugheilt, frimodig.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>