- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
8

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - II. Ferdi til London

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

8
kasta skipet anker utanfor Yarmouth. Daa
bles det hardt fraa sudvest att. Dei maatte
venta paa betre ver, og der vart dei daa
liggjande i heile aatte dagar. Det hadde ord
for aa vera ein god ankerplass der dei laag.,
og skipet var vel fest. Skipsfolki var med
godt mod og korta tidi so godt dei kunde
og tenkte paa ingen faare. Men so um mor
gonen den aattande dagen bles det med eitt
upp til ein fæl storm att. Alle mann maatte
til aa berga inn toppstengerne og gjera alt
i stand til aa rida stormen av. Fram mot
høgstdag maatte dei kasta ut naudankeret.
Bylgjorne gjekk daa so høgt at dei skylde
yver dekket gong paa gong, og skipet skalv
og riste. Sjølve skipsfolki tok til aa verta
rædde, og skipperen mulla med seg sjølv
daa han gjekk ut og inn i kahytta: Gud
vere oss naadig! no gjeng det nok gale
med oss." Robinson laag still inni lega si
og høyrde dette og visste ikkje kva han
skulde* tenkja. Fyrste gongen han hadde
vore i naudi hadde samvitet vakna i han7
og han hadde trega det galne han hadde
gjort. Men no var han for traassug til dess.
Han freista aa trøysta seg med at faaren
ikkje var so stor, og at han berre skulde
taka det med tol til stormen var yver. Men
kor som var so for han snart til aa skjelva
og bivra av otte og rædsl. Han kunde sistpaa

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:48:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0010.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free