- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
21

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IV. Robinson rømer

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

21
Dei hadde god vind og lin sjø, so det
gjekk ovende snøgt sudetter. Fram paa etter
non næste dagen var dei heile 25 mil sud for
-Saleh, so mykje Robinson kunde skyna. Dei
var soleis heilt utanfor rike til sultanen av
Marokko. Men Robinson var enno so rædd
sjørøvarane, at han ikkje vaaga aa gaa i land.
I heile fem dagar heldt dei paa og siglde
sudetter, og vinden var heile tidi like god.
Daa kjende Robinson seg endeleg trygg og
styrde inn mot land og kasta anker attmed
osen aat ei liti elv. Det var i kveldingi dei
kom der. Dei vilde ha’ gjenge i land med
•det same og funne vatn. Men trast det var
myrkt tok allslag villdyr til aa bura og belja
uppi skogarne, so det var fælt aa høvra. Daa
vaaga dei seg ikkje av baaten. Dei laut venta
til det vart dag att.
Daa det ljosna um morgonen etter, høyrde
•dei ikkje meir til villdyn og saag dei ikkje
heller. Men raaka dei ikkje villdyr, naar
<lei skulde i land, so kunde dei raaka ville
folk, og det var ikkje betre; det var heller
verre. Men vatn maatte dei no hava, kva
det skulde kosta ; for dei hadde snart ikkje
ein drope att. Daa baud maurarguten seg
til aa gaa i land aaleine med ei krukka og
sjaa til aa firma vatn. Kjem daa dei ville
mennerne og tek og ét meg, so karm du
.korna deg undan," sa han.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:48:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0023.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free