- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
25

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IV. Robinson rømer

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

laag stillt; men so for det med eitt til aa
sigla undan. Robinson vart rædd, men miste
ikkje enno voni, og han heldt paa og skaut
og skaut.

Jau daa gjorde skipet endeleg ei vending
og stogga. Dei hadde sét baaten og laag og
venta. Um tri timars tid hadde han naatt
fram til skipet. Det var eit handelsskip fraa
Portugal. Dei tok vel imot dei tvo
ferdamennerne. Robinson var so glad at han baud
skipperen baaten og alt der var i ’n til løn
for at han hadde berga dei. Men skipperen
sa nei, han skulde ikkje noko hava. „Eg
gjer berre det same som eg vilde at de skulde
gjort imot meg, dersom eg hadde vore i same
naudi,“ sa han. „Det er ikkje meir enn som
kristeleg kjærleik byd oss aa gjera. Eg skal
taka dykk med til Brasilia. Naar du kjem
der, kann du selja det du eig og fara heim
att til England, eller du kann faa deg noko
aa gjera der i landet.“

*


<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:48:57 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0027.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free