- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
27

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - V. Robinson i Brasilia

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

27
Her gjekk han og stræva langt ute i verdi,
millom berre framande folk; der kunde han
no butt trygt millom frendar og vener.
Daa skipperen fraa Portugal for heim att
til Ku ropa, sende Rohinson brev med til for
eldri sine, og dei fekk daa endeleg vita kvar
han hadde vorte av. Han hadde enno nokre
pengar til gode heime i London. Skipperen
lova no at han skulde krevja dei inn og
kaupa varor for dei, og taka desse varorne
med riaar han sidan kom hit att. Han gjorde
som han hadde lova og kom att med mange
ting som var godt utvalde. Robinson selde
desse varorne her i Brasil ia og tente godt
paa dei, og han lor til aa ha lukka med seg
i alt han dreiv med no. Han hadde fenge
seg eit par trælar og lok til aa dyrka tobak
og hadde god vinst av det. Og sidan gjekk
det fram for han fraa aar til aar. Han lærde
maalet i landet og vart kjend med gard
menner og kaupmenner rundt ikring og for
alt til aa kjenna seg som heime der han var.
Daa han hadde vore der i fire aar, hende
det ein dag noko som kom til aa dra mykje
etter seg, som me no skal høvra. Det kom
nokre grannar inn til han ein morgon; det
var tobaks- og sukkerdyrkarar liksom han
sjølv. Daa dei hadde helsa vyrdelegt paa
han, sa den eine av dei:
..Du veit me brukar negertrælar til aa.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:48:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0029.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free