- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
35

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VII. Øyi og vraket

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

35
fasl i bergel lil ho seig ut att, og so grov
han seg eit stykke lenger upp. Enno nokre
gongjer skylde vatnet yver han, men han
heldt seg fast kvar gong, og til slutt kom
han seg upp paa turre landet og slengde seg
ned paa grasmarki.
Endeleg var han heilt berga. Men han
var enno so forkomen at han vart liggjande
der eit langt bil fyrr han rett saag kvar han
var, og han laag berre og snudde paa seg
og kjende paa seg, — det var som han ikkje
enno var rett viss paa um han livde. Men
so skyna han etterkvart at det ikkje var
nokon draum. Han laag paa turre landet
og var berga. Han saag upp mot himmelen
og takka Gud og vart som ør av gleda. Han
saag enno skipet midt i havsprøytet utpaa
sandbanken, og det var som eit under at han
kunde ha kome livande derifraa. „ Herre
Gud, kor er det raad!" sa han og sprang att
og fram.
Men lenge var det ikkje fyrr gleda minka
att. Han tok til aa sjaa etter felagarne sine
og vona at fleire var berga paa same vis som
han. Men ikkje ein av dei var aa sjaa; dei
var burte for alltid. Han fann berre nokre
hattar og skor som hadde drive i land.
Og kva slag land var det han var komen
til? Det kunde vera eit vilt land som var
fullt av allslags fæle rædyr. Eller endaa

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:48:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0037.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free