- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
51

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IX. Robinson byggjer endaa meir og tek til aa ferdast paa øyi

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)


IX.

Robinson byggjer endaa meir og tek til
aa ferdast paa øyi.



Det var ausande regn paa øyi, daa regn
tidi kom. Robinson saag daa snart at hytta
hans ikkje enno var tett nok. Han maatte
gjera eit betre tak. So tok han og la lange
sperror fraa gjerdet og heilt upp i berget, og
ovanpaa dei tetta han godt til med greiner
og blad. Han fekk soleis til slutt toka yver
lieile tunet sitt.
Daa han var ferdig med dette, tok han
til aa grava kjellarhola si større, so han kunde
faa rom for meir av duntet sitt der; for i
tjeldbudi var det reint yverfyllt; det var lite
han hadde rom til aa snu seg. Det var berre
laus sandstein i berget, so det lét seg alltid
gjera aa grava i det.
Ein dag daa han var mest ferdig og gjekk
og bar ut resten av gruset, høyrde han eit
fælt brak attanfor seg. Det var eit stort ras
med stein og jord som hadde losna og dotte
ned inni hola! Han fekk ein stygg støkk i
seg, men maatte med det same takka Gud at
han hadde sloppe so vel ifraa det. Hadde
han vore inne i hola og fenge raset yver seg,
kunde det ha slege han snupt i hel.
Sidan vart han meir varsam. Daa han

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 25 00:00:05 2025 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0053.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free