Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XI. Robinson ferdast paa øyi
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
sjukdomen, hadde han fenge meir mod og meir
tru paa at han hadde Gud med seg.
So tok han i vegen ein dag og gjekk
fyrst upp langs med den elvi som rann ut eit
stykke ifraa der han budde. Ho var berre
grunn og liti; men vatnet var reint og klaart
daa han kom noko lenger upp, og der var
ovende vent langs med elvi. Der var fine
slette grasmarkjer og engjer alle stader. Eit
stykke lenger ifraa paa kor sida var der meir
bakkutt og bratt, men vent der og. Der voks
ei mengd med tre og buskar som han ikkje
hadde sét fyrr eller visste noko namn paa,
og her og der imillom saag han nokre høge
fagre tobaksvokstrar.
Daa han var komen eit stykke lenger upp,
vart det mindre med grasmark og tettare og
tettare med skog. Atti utkanten av skogen
fann han vindruvor og meloner. Han aat
nokre av dei og tok med seg so mange han
kunde, daa han gjekk heim.
Dagen etter tok han ut att paa same
leidi, og denne gongen gjekk han ikkje heim
um kvelden. Han la seg til uppi eit tre liksom
fyrste natti han var paa øyi. Um morgonen
etter for han lenger uppetter dalen. Daa han
hadde gjenge eit par timars tid, kom han til
ei kjelda og ein bekk som saag ut til aa
renna imot aust. Der var det endaa venare
enn der han hadde vore fyrr. Der voks tett
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>