Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XII. Robinson såar og haustar. Nye utferder.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
72
Fram i november, daa regntidi um hau
sten var yver, gjekk han ein dag ut til sumar
huset sitt att. Han vart reint forbina daa han
kom der, og kjende seg mest ikkje att. Paa
larne i gjerdet kring hytta hadde alle skote
friske runningar, liksom naar ein set friske
stavar av pil i jordi um vaaren, og var grøne
med lauv. Han hadde soleis fenge livande
hegn kring sumarhuset sitt reint til gjevan
des. Han bøygde runningarne innyver imot
einannan, og dei kom med tidi til aa veksa
som eit lauvtak yver heile hytta. Der vart
daa endaa betre aa vera enn fyrr, naar soli
steikte paa det verste.
Sidan skar han ei heil mengd med stavar
av det same slag tre og sette dei rundt den
gamle bustaden sin, paa lag 12 alner ut ifraa
gjerdet. Dei voks snart upp og vart baade
til hugnad og til gagn for han, som me sidan
fær høvra.
Daa Robinson var halvvaksen gut og var
heime, hadde han ofte vore inne hjaa ein
korgbindar og set paa daa han arbeidde, og
stundom sjølv hjelpt til. Han hadde soleis
lært seg ein grand korgbinding. Etter han
kom hit til øyi hadde han ofte freista aa laga
seg korgjer til aa bera eit og anna i, men
ikkje funne noko vyrke som dugde. Det var
alltid for møyrt. Men no freista han med
runningarne av dette nye treet, og det gjekk
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>