Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XIII. Paa tridje aaret
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
82
ordet han fekk fuglen til aa segja, og det
fyrste ordet han hadde høyrt paa lenge fraa
nokon annan hell seg sjølv. Han var reint
glad daa han høyrde det.
Daa det vart varmt solskin att, tok han
til med eit arbeid som han alt lenge hadde
tenkt paa. Han fann seg eit slag leirjord og
vilde laga seg leir-kar og turka dei i soli.
Han trong dei til aa ha korn og mangt anna
i, slikt som det galdt aa halda vel fritt for
væta. Men det gjekk ikkje so lett dette. Han
freista vel dei hundrad gongjerne fyrr han
fekk til nokoslag bidne som hekk ihop; dei
datt sund millom henderne paa han, eller
sprakk sund i soli. Men endeleg so fekk han
daa til eit par store leirkrukkor som heldt,
og fekk turka dei i soli. Dei var nok ikkje
vidare vene; men det fekk vaaga seg, naar
dei berre var brukande. Han bar dei var
samt inn og sette dei upp i eit par store
kipor som han hadde laga til aa ha dei i.
Millom krukkorne og flettverket i kiporne
la han turr halm, so dei skulde halda seg
godt turre naar han hadde noko i dei. —
Sidan freista han aa laga smærre krukkor
og pottor og flate borddiskar, og det gjekk
mykje betre.
Men endaa vanta det mykje paa at desse
leirkopparne var gode nok. Dei tolde ikkje
at han hadde vatn eller noko anna slag drik
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>