Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XVI. Robinson er ute og sigler
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
94
»
Der gjekk han i land og saag seg ikring.
Det var djupt nok her og fritt for skjer ; men
straks utanfor odden gjekk det ein strid straum
som kunde vera faarleg, og det bles sterkt
beint imot straumen, so det var sterk sjø
gang. Han venta her i eit par dagar. Daa
stillna det av att, og so gjekk han aat baaten
og vaaga seg lenger. Men det kom han til
aa trega; for han var ikkje komen langt fyrr
han kom ut i straumen og vart riven med
ut til havs. Baaten lydde kje roren lenger,
og det hjelpte ikkje alt det han kava og rodde.
Han berre dreiv lenger og lenger utyver og
skyna ikkje koss dette skulde enda. Han
kunde til slutt driva so langt av, at han kom
til aa svelta i hel utpaa ville havet, eller han
kunde koma inn i ein kvervel millom tvo
straumar og baaten gaa under. Han sat sist
paa berre og rette armarne attende mot øyi
si og saag paa koss ho kom lenger og lenger
ifraa. Denne øyi som han ein gong hadde
tykt var eit fengsel, tykte han no var som eit
paradis, og han ynskte seg ingen ting høgre
enn aa faa koma dit att. Soleis gjeng det so
ofte: ein karm tykkja at ein ikkje hev det
godt og vera misnøgd, men so snart ein fær
det verre, ser ein kor godt ein hev havt det.
Men det dugde ikkje aa sitja og orvonast.
Han maatte freista aa berga seg so lenge han
kunde. Han tok til aa ro atj alt det han
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>