- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
96

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XVI. Robinson er ute og sigler

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

96
No daa han var berga, kjende han fyrst
rett kor trøytt og utmasa han var. Han aat
ein grand av nista si og drog baaten upp i
ei liti vik. So la han seg til aa sova paa
marki ei god stund, og kjende seg godt ut
kvild daa han vakna att.
Men korleis skulde han no koma heim
att med baaten sin? Han vaaga ikkje
aa fara attende den same vegen som han
hadde kome, og korleis det kunde vera aa
fara upp paa vestsida av øyi, visste han ingen
ting um. Han hadde heller ikkje mykje hug
til aa vaaga seg ut paa nye eventyr. Han
vart liggjande der han var til næste dagen.
So tok han til aa ro vestetter langs med
strandi. Han laut nok leggja baaten etter
seg her ein stad so lenge, og han vilde sjaa
aa firma ei god hamn aat han.
Daa han hadde rott ei halv mils veg, kom
han til ei vik som gjekk eit langt stykke inn
i landet. Ho smalka av innetter og enda i
ein liten elve-os. Der fann han ei ovende
god hamn for baaten og batt han godt fast.
So tok han byrsa og solhatten med seg og
gjekk uppetter langs med strandi og vilde
sjaa aa firma greida paa kvar han var. Det
var ikkje lenge fyrr han kjende seg att og
kom dit som han hadde vore fyrr, nedmed
strandi paa vestsida. Derifraa tok han vegen
tvert yver øyi og kom um kvelden fram til

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 25 00:00:05 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0098.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free