Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XVII. Robinson fangar gjeiter
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
103
sjaa betre etter koss straumarne gjekk kring
sudparten av øyi. Kanskje det kunde vera ei
raad til aa koma fram med baaten, kor som
var, naar han for varlegt fram. Dagen etter
tok han alt i vegen, og me skal no høyra
koss han saag ut der han gjekk.
Paa hovudet hadde han ein høg kluntutt
hatt av gjeiteskinn, med eit stort brot paa
som hekk heilt ned yver akslerne. Trøya
hans var og av gjeiteskinn, og kring livet hadde
han eit breidt belte som han feste med reimar
i staden for med spennor. Buksorne var av
skinnet av ein gamall bukk; dei var fælt
raggutte og rokk til ned-yver knéi. Paa
føterne hadde han eit slag skinn-styvlar ; dei
rakk upp paa leggjerne eit stykke og var ikkje
altfor line. I beltet bar han ei liti øks og
ei sag; i ei lérreim yver høgre oksli bar han
ein pung med krut og ein med hagl i; paa
ryggen bar han ei liti korg, paa oksli hadde
han ei byrsa, og uppyver seg bar han den
store solhatten; den gjekk han stødt med, um
han so berre gjekk eit lite stykke fraa stova
si. Dette gjorde vel mykje til at han ikkje
enno var reint brunbrend som ein mulat.
Skjegget sitt hadde han klypt av etterkvart,
so nær som paa yvermunnen ; der hadde det
fenge veksa so langt det vilde, so han no
gjekk med barter som den morskaste her
mann eller turk. — Han kunde kje anna
brot, hattebrot, oudstaaencle bræm".
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>