Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XVIII. Robinson ser noko fælslegt
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
107
ned atter og for inn i buskarne og lydde;
men åer var ingen ting anna aa sjaa enn
dette eine faret, og ingen ting aa høyra, og
han for mest til aa tru at det var berre ei
synkverving alt saman. Men daa han kom
attende til faret og saag betre paa det, kunde
det ikkje vera tvil um kva det var. Dette
var skilleg eit far etter eit menneskje og ikkje
noko anna. Han vart paa nytt lag som fraa
seg av rædsla og visste kje anna aa gjera enn
aa skunda seg heim att til borgi si. Det var
som jordi brann under han der han gjekk,
og han tykte han saag eitkvart livande løyna
seg attanfor kvar busk.
Daa han kom heim, stengde han seg inne
so godt han kunde; men han var enno like
uroleg og fekk ikkje svevnen paa augo heile
natti etter. Det uhuglege mannefaret gav
honom ingen fred. Der hadde vore folk burt
paa strandi, det var altfor visst, og han hadde
fraa fyrste stundi skyna kva slag folk det daa
var. Det kunde kje vera anna hell ville
manne-etarar fraa fastlandet eller fraa øyarne
burti havet. Dei kunde ha vorte drivne hit
av storm og straumar, eller ha gjort seg eit
kvartslag ærend hit, og sidan siglt sin veg
att. Ei stor lukka var det no, at han budde
paa denne sida av øyi, og at han ikkje hadde
raaka dei daa dei var i land derburte. Men
hadde dei vore der ein gong, so kunde dei
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>