Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XVIII. Robinson ser noko fælslegt
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
110
reint vitskræmd av. Men han maatte ha augo
betre med seg no hell fyrr og halda seg betre
løynd, og han maatte vera godt budd paa aa
verja seg, um dei nokon gong skulde faa
teften av at han var her.
Det var alt tolv aar no sidan han ein gong
sette ei rekkja med tre i ein halvring eit stykke
utanfor gjerdet sitt. Dei hadde med aari vakse
seg store og høge. Han tok no og tetta godt til
med paalar og flettverk millom tréi, og innan
for sette han upp ein tjukk og fast jordvoll.
Den inngangsdøri han hadde gjenom ein gang
i berget, kom no innanfor dette nye festnings
verket. Han laga sju smaa holor i det nye
gjerdet, og i kvar av dei sette han ei byrsa
Dei stod der som kanonor i ei festning,
og han kunde fyra dei av alle-saman i ti
minuttar. Han hadde arbeid med dette i
nokre maanar og hadde ikkje rett fred paa
seg fyrr han var ferdig.
Eit heilt stykke utanfor det nye gjerdet
sette han til slutt ei mengd med smaatre, av
det slaget som voks so fort. Dei tok snart
til aa veksa, og um nokre aar hadde dei vorte
til ein heil tett skog, so ein minst skulde tru
at det budde folk innanfor all denne rapen.
Men millom denne skogen og gjerdet let han
det vera eit ope rom, so han kunde sjaa um
der kom nokon, og faa skot paa dei um det
var fiender.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>