- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
145

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XXIII. Robinson bergar ein villmann

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

145
han burt og hogg hovudet av fienden sin.
So tok han hovudet og la det framfyre føterne
til Robinson og let han faa att sabelen. Men
koss det var gjenge til daa Robinson skaut
den andre av dei tvo villmennerne, kunde
han ikkje skyna seg paa. Han gjekk burt
til liket og stod berre og stirde paa det og
saag ut som han var baade forbina og rædd.
So tok han boge og pil fraa den fallne fienden,
og Robinson gjorde teikn at dei skulde gaa.
Men fyrst vilde villmannen grava dei tvo
liki ned i sanden, so manne-etarane ikkje
skulde firma dei. Robinson let han gjera det,
og sjølv stod han og saag etter um der kom
fleire upp til elveosen og sumde yver. Men
der kom ingen enno, korleis det no hadde
seg, og dei hadde kanskje ikkje høyrt stort
til skotet heller; det var eit langt stykke
herfraa og ned til strandi der dei var, og
skogen var tett og kunde ha teke burt det
meste av smellen.
Villmannen grov so det sprutte etter, og
paa eit kvarters tid hadde han fenge baae
liki nedgravne og løynde. So tok Robinson
han med seg, ikkje heim til huset sitt, men
til den store hola uti skogen. Han kjende
seg ikkje trygg nokon annan stad. Der gav han
fangen mat og vatn og gjorde sidan teikn
til han at han skulde leggja seg ned paa ei
19

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:48:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0147.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free