Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XXVI. Dei byggjer ny baat og vil ut paa ferd
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
164
men Robinson synte honom at det var mykje
lettare aa gjera det med verkty, ,og Fredag
vart snart ein dugande hjelpesmann i dette
arbeidet og.
Daa dei hadde drive trottigt paa i ein
maanads tid, var baaten alt ferdig. So hadde
dei eit hardt stræv med aa faa han paa sjøen;
dei la lunnar under han og ota han fram
turne for turne. Det tok heile fjortan dagar
fyrr han endeleg laag paa vatnet. Daa saag
dei at han [var stor nok til aa bera minst v
20 mann.
Fredag tok straks til aa prøva baaten,
og det var moro aa sjaa kor lett han snudde
og vende han att og fram; ein kunde sjaa
at han var godt van med aa handsama baat
fyrr.
n Kann me vaaga oss yver havet med
denne?" spurde Robinson.
Ja," sa Fredag, svært godt fara yver,
um det blaasa stor vind."
Men Robinson tenkte ikkje paa aa slita
og ro den lange vegen. Han vilde setja
master og segl paa baaten og sigla yver.
Dei fann eit fint beint sedertre og sette upp
til master. Men seglet var det verre med.
Robinson hadde nok liggjande ein heil slump
segl alt fraa den tidi han berga so mangt i
land fraa vraket. Men størsteparten av dei
var rotne og til ingen ting no, etter dei
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>