- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
171

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XXVII. Dei slæst med villmennerne att

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

171
skogholt ikring paa lag 50 alner nærare der
manne-etarane heldt til. Robinson og Fredag
saag snart at det let seg gjera aa koma usedde
dit. Dei smaug seg fram attanfor buskarne
so varlegt dei kunde og naadde fram til det
andre treet; og derfraa vaaga dei seg endaa
eit lite stykke ut paa ein bakke, so dei sist
paa var berre ei halv skotlengd fraa vill
mennerne.
Dei saag no at tvo mann hadde gjenge
burt til den kvite mannen og skulde vel til
aa slagta han; dei hadde alt bøygt seg ned
og vilde taka bandi av føterne hans. Daa
kviskra Robinson til Fredag: r No maa du
sjaa vel etter og gjera nettupp som eg gjer
fyre!" So la han tvo av byrsorne sine ned
paa marki, og Fredag gjorde det same med
tvo av sine. Med den tridje byrsa tok han
sigte paa villmennerne, og Fredag gjorde like
eins. Er du ferdig?" kviskra Robinson. Ja."
So skjot!-’ — i same blinken small tvo skot.
Fredag hadde teke so godt méd at det fall tvo
for skotet hans, og tri vart saara. Robinson
sjølv hadde skote ein og saara tvo. Vill
mennerne vart reint vitskræmde, som venteleg
var. Alle som ikkje var raama sprang upp
og laup att og fram ; dei saag ikkje kvar skoti
kom ifraa og visste ikkje kva veg dei skulde
snu seg eller røma. Robinson hadde alt trive
ei byrsa til ; Fredag fylgde han med augo og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 25 00:00:05 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0173.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free