Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XXVII. Dei slæst med villmennerne att
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
179
han beint imot seg. Det var vel difor snaudt
um dei kom heim atter.
Daa den gamle indianaren hadde kome
seg noko meir, gav dei han mat av nista dei
hadde med, og Fredag sprang sidan heim
etter ei krukka med ferskt vatn til han. Gam
lingen hadde ikkje smaka vatn paa lang tid
og var reint forkomen av torste; han drakk
og drakk og kvikna endaa noko meir upp
etterpaa.
Med spanjoren stod det heller ikkje hævt
til. Han hå*dde nok gjort seg sterk eit lite
bil, sO lenge han slost med villmennerne ;
men no etterpaa hadde han vorte laak og
klen att av alt det vonde han hadde lide.
Han hadde lagt seg ned uppi skuggen av eit
tre og orka ikkje ein gong aa reisa seg upp
atter. Dei gav han vatn og mat, og" Fredag
gnika han paa oklo og armarne liksom han
hadde gjort med far sin; for spanjoren var
og såar og upp-bulna av bandi. Men Fredag
maatte alt i eitt glytta ned til far sin, og ein
gong den gamle la seg ned i baaten og vilde
kvila seg attpaa, for han som ein elding ned
og vilde sjaa kva det var med han.
Sidan tok Fredag spanjoren paa ryggen
og bar han ned aat baaten og sette han att
med far sin. So skauv han baaten utpaa og
rodde upp til viki uppmed elveosen med dei
tvo. Der la han baaten etter so lenge, og so
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>