- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
189

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XXIX. Upprørarane

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)


XXIX.

Upprørarane.



Det var gjenge aatte dagar sidan
spanjoren og den gamle indianaren tok av stad.
Robinson laag enno og sov i sengi si ein
morgon. Daa kom Fredag laupande inn og
ropa høgt: „Dei kjem, husbond, dei kjem!“

Robinson sprang upp og kasta paa seg
nokre klæde og skunda seg ut. Daa fekk han
auga paa ein baat eit langt stykke utpaa
havet; han hadde firkanta segl og styrde hit
mot øyi. Men han kom ikkje fraa den same
kanten som villmennerne hadde kome med
baatarne sine; han kom sunnantil. Robinson
skyna straks at det daa ikkje kunde vera den
baaten dei venta paa. Det var heller ikkje
godt aa vita um det var folk som kom paa
det vonde eller det gode. Han ropa til
Fredag at han skulde løyna seg. So gjekk han
inn etter kikaren sin og kleiv upp paa
bergtoppen og vilde sjaa um han kunde faa betre
greida paa kva slag baat det var.

Daa han var komen dit upp, fekk han
auga paa eit skip som laag for anker eit
stykke utpaa havet ei mils veg lenger
sudpaa. Han saag med ein gong at det var eit
engelsk skip, og at baaten var ein engelsk
storbaat. Han vart so glad med det same at

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:48:57 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0191.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free