- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
193

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XXIX. Upprørarane

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

193
kunde verta ei raad til aa berga fangarne og.
Han ladde byrsorne og væpna seg godt med’
han venta. Fredag hjelpte til og væpna seg
godt han og.
Fram imot klokka tvo um dagen kleiv
Robinson upp paa bergtoppen att og saag
etter dei framande sjøfolki. Daa kunde han
ikkje sjaa dei nokon stad. Dei maatte ha
gjenge inn i skogen og hadde kanskje lagt
seg til aa sova no med’ dagen var paa det
heitaste. Men dei tri fangarne sat der enno
for seg sjølv; der hadde berre flutt seg burt
i skuggen under eit tre, og dei var ikkje
bundne no lenger, so mykje han kunde sjaa.
Sjømennerne^ tenkte^ vel at dei ikkje kunde
røma nokon stad her, kor som var.
Daa Robinson hadde sét dette, skyna han
med ein gong at det var ikkje verdt aa venta
alt til kvelds med hjelpi, soleis som han
fyrst hadde tenkt. No maatte~det vera rette
stundi til aa lura seg ned til fangarne og
freista aa faa tala med dei, og berga dei so
sant det var raad. Han * tok straks i vegen,
godt væpna som han var, og Fredag kom
eit stykke etter. Dei kom seg yver elveosen
og for nedetter skogen. Daa Robinson var
komen tett ned imot dei tri fangarne, stogga
han og spurde varsamt kven dei var. Dei
stokk og sprang upp og stirde ikring seg.
25

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:48:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0195.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free