- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
223

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XXXII. Dei tek skipet

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)


Dei var alt ferdige til aa sigla um kvelden,
men vilde ikkje letta anker fyrr um
morgonen etter. Skipperen sende ein baat i land
med det som dei fem skulde faa. Han
let dei med dei same faa skipskistorne sine
og nokre klæde som dei havde late etter seg
paa skipet.

Tidleg um morgonen den andre dagen
hende det endaa ein gong noko som dei ikkje
hadde venta. Tvo av dei som var etter paa
øyi kom symjande ut til skipet og ropa og
bad at dei maatte faa koma umbord og vera
med. Dei andre tri hadde fare vondt med
dei og kom til aa drepa dei, dersom dei laut
vera etter her, sa dei. Skipperen lika ikkje
dette og vilde helst vera kvitt dei no; men
daa dei hadde lova høgt og heilagt at dei
skulde vera skikkelege og lyduge, tok han
dei sistpaa med, kor som var. — Dei heldt
sidan det dei hadde lova og var trugne og
stillfarande folk, og det vart ikkje meir tale
um aa lata dei koma for retten naar dei kom
heim.

*


<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 25 00:00:05 2025 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0225.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free