Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Ivar Aasen (1813–) - Saknad - Det einlege standet
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
332
og kom eg der, so fekk eg naa
den ting, som mest eg sakna maa.
Men det er heile skaden:
eg finner aldri staden.
Eg veit so vel, der finst ein barm
med samme kjensla inne,
med same hug og same harm
og same von og minne.
Og fann eg den, vardt allting rett,
og livet skulde skrida lett.
Men det er verst aa minnast:
me skulo aldri finnast.
Det einlege standet.
Det einlege standet skal vera so gildt,
dei tru, du er fri fyre alt, som er ilt;
dei segja, du slepper aa mødast og syrgja,
du raader deg sjølv og treng ingen aa spyrja.
So er du vel heppen og fegen og sæl?
Aa nei, det slapp du vel. Aa nei, det slapp du vei
Du høyrer og ser no um dagen so mangt,
og fekk du fortelja, so vart det vel langt.
Daa er det vel nokon, som med deg vil røda
og spyrja deg ut um di moro og møda;
d’er nokon, som bryr seg um det, du fortel?
Aa nei, det slapp du vel. Aa nei, det slapp du v
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>