Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Ivar Aasen (1813–) - Hugen til rikdom
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
336
berre sjåa paa dei fine
og blaasa aat alle hine,
koma so heim fraa all den sveim
°g hyggja paa husi mine.
So laut eg hava sal paa sal
med speglar i alle grunnar,
fuglar i bur i kvar ei sval
og spanske tre og runnar;
stallar med blanke veggjer
og hestar med lange leggjer,
engelske kyr og andre dyr
so fuldt som my og kleggjer.
So laut eg hava ein tenarflok
og fine folk og gilde;
dei skulde sende meg sko og sokk
og gjera alt, som eg vilde.
Daa eg slapp aa bida,
eg slapp mod kvelden kvida;
grannar kom til meg kvart eit bil,
so kvelden lett maatte lida.
Vilde eg ut paa friar-veg,
so var ikkje mangt i vegen.
Verfader kom og mødte meg
og var baade blid og fegen.
Ja, daa fekk eg den, eg vilde
og alle folk var snilde.
Kven skulde inkje hava hug
til gjestebod og gilde?
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>