Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Aasmund Olavson Vinje (1818–1870) - Af »Storegut« - Eivind Aalandslid
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
389
Og han segjer: »No du læra skal i dag
det, som aldri fyrr du viste.
No skal du fyr gamle skarven Ivar Aa
di bitaling her paa reide hondi faa.
Men eg trur med meg,
dette krav av deg
jamen verd paa meg ditt sidste«.
Men han Storegut han stod og flirde kaldt.
Varme ord han ikkje trengde.
Med den vinstre hond ein tunnesekk med salt
tok han og paa oksli slengde;
svingad sekken upp til munnen som ein dram,
leikad der paa golvet med ’om att og fram.
Daa vardt Eivind bleik,
og paa folk han skreik.
Her var den, som Eivind dengde.
Svint av kista si han huudrad dalar tok,
pengar tunge er aa bera.
Og han Storegufen varmt i hondi skok,
sagde: »Me skal viner vera!«
Men han Storegufen svarar: «No skal du
um fraa alle dine vonde vegjer snu!
Ser eg ikkje, fort
at det verder gjort,
skal med meg du faa aa gjera!«
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>