Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - II
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
6
II
Når du bed meg syngja, synest det som
hjarta mitt kunde bresta av byrgskap; og
eg ser deg upp i andlitet, og tårone kjem
meg i augo.
Alt som er hardt og uheilt i livet mitt,
smeltar saman til ein søt samljod — og til
bedingi mi spiler vengjer som ein glad fugl
på flugt ut yver havet.
Eg veit du hev hugnad i songen min.
Eg veit at berre som ein songar kjem eg
framfor di åsyn.
Med ytste snippen av den utspilte song
vengen min rører eg ved føtene dine, som
eg aldri kunde drøyma um å nå.
Eg er drukken av gleda i songen; so
gløymer eg meg sjølv og kallar deg ven som
er herren min.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>