Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XXXXV
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
52
xxxxv
Hev du ikkje høyrt dei ljodlause stigi
hans? Han kjem, kjem, kjem alltid.
Kvar augneblink og kvar æva, kvar dag
og kvar natt han kjem, kjem, kjem alltid.
Mang ein song hev eg sunge i mangt eit
huglag, men alle tonar hev stendigt ropt
ut: Han kjem, kjem, kjem alltid.
Angande solskinsdagar i april han kjem
på stigane gjenom skogen, kjem, kjem alltid.
På dundrande torevogn av skyer i regn
myrke julinæter han kjem, kjem, kjem
alltid.
I sorg etter sorg er det hans stig som
trykkjer hjarta mitt, og det er ein gullande
snert av hans føter som fær gleda mi til
å skina.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>