- Project Runeberg -  Gitanjali (Song-offer) /
54

(1918) [MARC] Author: Rabindranath Tagore Translator: Lars Eskeland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XXXXVII

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

54
XXXXVII
Natti er mest lidi med venting på han
i måfå. Eg ottast at han kjem brådt til
døri mi um morgonen når eg hev sovna
trøytt og utmødd. Å vener, lat det vera
open veg for han, hindra han ikkje.
Dersom ljoden av stigi hans ikkje vekkjer
meg, so prøv ikkje å få liv i meg, det bed
eg. Eg ynskjer ikkje å verta uppjaga or
svevne av eit ståkande fuglekor eller av
vinden som leikar seg styrlaust i solren
ningsfesten. Lat meg sova i fred, um so
herren min brådt kjem til døri mi.
Å svevnen min, dyrverdige svevn, du
berre ventar på Jat han skal koma innåt
deg, so fer du. Å dei attlatne augo mine !
dei vilde berre opna loki sine for ljosken
av smilen hans, når han står framfor meg
liksom ein draum som sviv fram or svevn
myrkret.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:50:29 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nogitan/0056.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free