Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XXXXVIII
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
56
XXXXVIII
Morgonhavet av tegjing tok brådt til å
bærla av fuglesong; blomane smilte blidt
ved vegkanten, og gull i straumar vart det
strøytt gjenom ei rift i skyene, medan me
skunda oss i veg og ansa på ingen ting.
Ikkje song me glade songar, ikkje leika
me. Me gjekk ikkje til landsbyen og vilde
gjera bytehandel. Me tala ikkje eit ord, og
ikkje smilte me. Me heftest ikkje på vegen.
Me gjekk forare og forare, di lenger tidi
leid.
Soli stod i middagsstad, og duvone kurra
i skuggen. Vise lauv dansa og kvervla i
middagshiten. Gjætarguten dorma og drøym
de i skuggen av banyan-treet, og eg la meg
nedmed vatnet i graset og rette dei trøytte
lemene mine.
Felagane mine lo svivyrdeleg åt meg;
dei bar hovudet høgt og hasta i veg. Aldri
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>