Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - LIII
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
65
LIII
Fager er armringen din, skylt av stjer
nor og haglegt innsett med glimesteinar i
uteljande leter. Men fagrare endå for meg
er sverdet ditt, med ljosbogen sin som dei
utspilte vengjene til den guddomlege fuglen
åt Vishnu, når han sigler i fulkomi jam
vigt inn imot den blodraude ljosbranden i
solsigingi.
Det bivrar som siste livsljosken i den
ørskesæla som lidingi føder ved siste døds
støyten; det skin som den reine evige livs
logen når han brenner upp jordhugen med
ein einaste ovseleg elding.
Fager er armringen din, skylt med stjerne
klåre glimesteinar, men sverdet ditt, du
toreherre, er eit venleiks-verk som er laga
med den høgste hagleik, fælslegt å skoda
eller tenkja på.
Rabindranath Tagore : Gitanjali. 5
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>