- Project Runeberg -  Gitanjali (Song-offer) /
75

(1918) [MARC] Author: Rabindranath Tagore Translator: Lars Eskeland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - LXI

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

75
LXI
Svevnen som sviv yver augo åt vesle
barnet — er det nokon som veit kvar han
kjem ifrå? Ja, det går ord um at han bur
i ein bondeby i alveland millom skuggar i
skogen som fær eit lite lyse av ljosmakkar,
— der heng det tvo bljuge fortrolla blom
sterknuppar. Derifrå kjem han og kysser
augo åt veslebarnet.
Smilen som leikar på lippone åt vesle
barnet når det søv — er det nokon som
veit kvar han var fødd? Ja, det går ord
um at ein ung bleik stråle frå nymånen
kom innåt kanten av ei kvervande haust
sky, og der vart smilen fyrst fødd i drau
men åt ein doggvaska morgon — smilen
som leikar på lippone åt veslebarnet når
det søv.
Den milde mjuke friskleiken som blø
mer på lemene åt veslebarnet — er det no-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:50:29 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nogitan/0077.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free