Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - LXVII
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
85
LXVII
Du er himmelen, og du er reiret og.
Å du vene, der inni reiret er det din
kjærleik som sveiper sjæli inn med leter og
tonar og angar.
Der kjem morgonen berande med gull
korgi i høgre handi, og kransen av venleik;
tegjande vil han kryna jordi.
Og der kjem kvelden på veglause leider
yver audslege engjer som gjætarane hev for
late, og fører med seg svale gustar av fred
i gullkrukkone sine frå vesterheimshavet av
kvild.
Men der som den endelause himmelen
breider seg ut til å fljuga inn i for sjæli,
der råder den usulka kvite stråleglansen.
Der er korkje dag eller natt, korkje farge
eller form, og aldri eit einaste ord.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>