Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - LXXIX
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
98
LXXIX
Dersom det ikkje er so laga at eg skal
møta deg i dette livet, so lat meg alltid
kjenna at eg ikkje vann fram til å sjå deg
— lat meg ikkje gløyma det ein augne
blink, lat meg bera på sviden av denne
sorgi drøymande og vakande.
Alt medan dagane mine går i denne
mangmente marknaden her i verdi og hen
dene mine vert fulle av dagsens vinning,
so lat meg alltid kjenna at eg ingenting
hev vunne — lat meg ikkje gløyma det ein
augneblink, lat meg bera på sviden av denne
sorgi drøymande og vakande.
Når eg sit attmed vegkanten trøytt og
andpusten, når eg lagar meg ei lega på
berre marki, so lat meg alltid kjenna at
langreisi hev eg endå att — lat meg ikkje
gløyma det ein augneblink, lat meg bera
på sviden av denne sorgi drøymande og
vakande.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>