Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - LXXXVII
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
107
LXXXVII
Med ei vonlaus von fer eg og leitar etter
henne i alle krær i huset mitt. Eg finn
henne ikkje.
Huset mitt er lite, og det som ein gong
er fare derifrå, karm ein aldri vinna att.
Men uendeleg stor er bustaden din, herre,
og på leit etter henne er eg komen til døri di.
Eg står under den gyllte tronkvelven
som kveldshimmelen din er, og eg lyfter
augo mine bedande mot andlitet ditt.
Eg er komen til bruni av æva, og deri
frå karm ingenting kverva burt, ikkje von,
ikkje heppa, ikkje syni av eit andlit som
ein ser gjenom tåror.
Å, arme livet mitt, dukka det ned i dette
havet, søkk det ned i djupaste djupni ! Lat
meg endå ein gong få den sæle kjenningen
som eg miste, i fullnaden av allheimen.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>