- Project Runeberg -  Nordens kalender / 1931 /
49

(1931-1938)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Tredje gongen av Olav Duun

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

TREDJE GONGEN

Tredje gongen

Av Olav Duiin

Da dei kom med skjøyta om kvelden, sa ein
av karane som hadde vore med og henta
henne:

—- Høy, gutar, her kjem vi med likkista vår!

Det var Mikal som sa det, og han var ingen
unggap heller, han ropa det i land til dem som
stod på brygga. Så gale hadde vore sagt før, det
var ikkje den tida lenger at folk skvatt for eit ord;
ungdommen pla seie mangt som var verre. Der
var mest av ungdom nedpå brygga, og dei tok
orda oppatt, snudde på dem og la full meining
i dem, kvifor ikkje? Ein lyt få seie det ein tenker.
Og dei sa både det eine og det andre, så det letta
dem under bringa. For usagte ord er uting, det
er dei som gjer folk gamle før tida, påstod dei.

— Jaså, du er kistetrøytt no, Mikal? ropa dei
ut til han. — Trur du du kjem til å trivast i
henne?

Dei hørte ikkje kva han svara. Storsjøen dundra
og mol utom oddane så det knapt var manns mål
å høre her i sunde. Men motoren i den skjøyta
der, han vart hørt da dei kom, det var ein som
arbeidde. — Kor mange hestekrefter var han god
for? spurte dei Aleksander, føraren på skjøyta.
— Å, ein 30—40.

— Jøss, da er du sterkare enn både sjø og ver!
lét dei.

Han svara ikkje. Aleksander var berre
ungdommen han som dei, men han var av eit litt
anna slag, og slett ingen snakkar. Dess utan
skulde han fortøye skjøyta no, så ho låg trygt
natta over, det var haustens tid.

Så var det gjort, og Aleksander og Mikal kom
i land.

•— Ho slit ikkje tjore sitt, sa ein.

— Nei, svara Mikal. Vil berre verda stå, så
skal dette stå, som han sa, muraren.

— Men er ikkje dette Valfjordskjøyta? spurte
nokon.

— Ja ha, sa Mikal, her ser de ulykka ja. Ho
er da stor nok?

Dei kjente henne alle mann som var der, så
nær som Finnstad, han dei hadde kjøpt henne
for; han stod berre og smilte og såg på fartye
sitt. Han var nykommen her ut i øyane, berre
fjellfinn å rekne for, men dette tykte han var båt
å ferdast på sjøen i: Så høgborda som ei jakt, gut,
og ikkje mindre enn to mastrer, med segl til, og
blankbrædd og finpussa og ny alt med seg.
Aleksander hadde utretta erende sitt vel, visst ikkje
prisen var for urimelig. Han spurte eldstemannen
i låge kva han meinte om skjøyta —• ein skulde
vel fara trygt i den der?

— Der har De farkost ja, vart det svara.

— Men, var der ein som sa, og han smilte
Finnstad opp i andlete, — De veit vel at
Valfjordskjøyta alt har fare to uferder, så ny ho er?
Ikkje det? Jau da, to uferder. Første vendingen
tok uvëre og hivde henne opp i potetåkeren, sjøen
vilde ikkje vita av henne. Andre gongen var her
i vår, da rente ho på eit skjær i full fart og mista
kjølen og ein mann.

— Og no er ho like god, sa Finnstad.

— Ja men tredje gongen, veit De.

— Tredje gongen går det best.

Finnstad smilte, han var ein rolig mann. Sjøen
åtte han ikkje så mykje vett på ein gong at han
kunde bli sjøsjuk, langt mindre redd. Men her
ute i Singsøyan hadde han slege seg ned og gått
i gang med handel. Så han trong ei skikkelig

4

49

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 20:03:23 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nordkal/1931/0055.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free