- Project Runeberg -  Nordens kalender / 1931 /
61

(1931-1938)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Tredje gongen av Olav Duun

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

TREDJE GONGEN

Fleire kom med kikkert. Alle vart einige om
at no var der ikkje folk å sjå lenger på Høgstein.
Men kvifor kom ikkje båtane?

Dei kom, endelig ein gong. Skjøyta hadde
småbåtane på slæp. Ja. Men no var det
heim-vegen, no spurtes det om. Han var uhuglig så
lang og stygg. Somme venta for kvar båra at no
slo motoren klikk, der var dei som ikkje vilde
sjå på ferda. Ingen ein gret lenger, spaninga
var for stor til det. Men det gjekk, det gjekk.

Dei var mann av hus nedpå Nordholmsbrygga
da båtane kom dit. Da var det skome kvelden.
Det var ei stri stund for mange, før dei fekk sjå
kven som kom opp utor lugaren på skjøyta. Rope
ut og spøre kunde dei ikkje.

Seminaristen var den første som synte seg.
No ög var han berrhua, som rimelig var. Han
hadde berre mor si her ute, og ho låg til sengs
og visste ingen ting om tilborden. Så kom
tele-grafdama. Ho var ikkje større lik seg just — men
kven fleir var der? Kaja snudde seg vekk med
ho venta. Tredjemannen var ein gut frå
Mehol-men, han var ikkje sprækare enn at dei laut stø
han i land. Foreldra hans tok stilt i mot han,
mora gret visst eit grand.

— Er der ikkje fleir? ropa ein to-tre på ein
gong.

-— Jau. Ein til, vart der svara.

Dei løfta han opp. Nei, det var ikkje Justin,
og ikkje han, og ikkje han. Det var mannen med
handa i fatle, men han var så skamslegen dei visste

ikkje korles det stod til med han. Kona hans og
borna vart over seg glade like vel.

Så visste dei det som var å få vita.

Karane samsnakkast om sokninga i morgo. Dei
henta ei garnbåre og bar han som var skamslegen.
Dei andre følgde med.

Der var ein som sa: — Det kjem ikkje an på
når ein døyr. Det spørs meir om korles ein
døyr.

— Ti still med det der no, svara ein annan.

Ingen av dem som vart berga var i stand til

å fortele stort frå hendinga. Ikkje vart dei så
hardt spurt heller, enno. Dei hadde vorte hivd
i land nokon-stads, oppetter sandstranda, den
eine hjelpte den andre, da dei kom til seg att,
og somme tok sjøen på nytt. Nei, dei visste ikkje
kven det var, dei visste mest ingen ting. —
Notbasen hadde dei for resten set, telegrafdama
trudde enda det var han som drog henne opp,
han vart vel vekk med han fresta å dra einkvan
annan opp.

Ein var der, som midt i elende sakna måle til
Mikal.

Gamle Karl Petter sa det var kjent nok at båra
frå Steinfalle skaut søretter somtid og i land på
Høgstein, mot Kvitsandvika der austpå; det hadde
seg slik. Det var no heller ikkje mange famners
lengd.

— Men det vart no ikkje i Sundgape det hendte
da, sa Enkemannen.

— Å ja, ti still med det ög no! vart der svara.

61

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 20:03:23 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nordkal/1931/0067.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free