- Project Runeberg -  Nordens kalender / 1937 /
78

(1931-1938)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Samarbeid millom norderlendske kringkastarar av Olav Midttun

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

SAMARBEID MILLOM NORDERLENDSKE KRING K A S T ARAR

norske programfolk til samråding i København, og i 1927 var svenske
programfolk i Noreg, og norske i Sverike. Det vart so ut på året 1927 halde
eit litt større møte i Lysekil millom målsmenn frå dei norderlendske
kring-kastarane til å dryfta umrådet for samarbeidet nærare. Det kom i stand
ymse samprogram, t. d. eit sams nyårsprogram nyårsdag 1929, med tale av
statsministrane i København og Stockholm, av Werner Söderhjelm frå
Helsinki og upplesing frå Oslo. Litt seinare på året fylgde dei Ahrenbergs
Amerika-flygetur, frå Stockholm til Bergen. Frå 1930 fekk dei i stand
byvitjingar lijå kvarandre, og mikrofonen var i Oslo, Stockholm og København
fleire gonger. Noreg og Sverike var og i lag i utlandet, soleis i Hamburg 1930.

Spursmålet um samarbeidet millom kringkastarane var og dryft på eit
møte millom styri i Norden-lagi i Helsinki i august 1928. I Stockholm var
det so eit møte i 1928 millom målsmenn for kringkastingslagi og Norden-lagi.
Norden-lagi sa seg viljuge til å hjelpa til på ymis vis. I eit nytt sam-møte
i København i november 1930, der programarbeidet var noko meir
representert, dryfte dei atter samarbeidet. Det vart fastslege at kringkastingane skulde
halda ved med samarbeidet etter dei retningslinone som dei alt frå fyrste
ferd hadde drege.

I august 1934 reiste formannen i styret for Norsk Rikskringkasting,
dr. Ræstad, spursmålet um å byta ut tilfang til nordiske kronikkar. Dette
løyste ut eit ynskje som det lenge hadde vore um meir samdryfting, og det
vart halde ein programsjefkonferanse i Stockholm i februar 1935 millom
utsendingar frå dei 4 nordiske landi. Det vart eit nytt møte i København
i september 1935 og i vår det 3. møtet i Oslo. Då møtte det og målsmenn
for Island. Næste år skal det vera i Helsinki. Ved desse samkomone
hev det møtt 3—5 av arbeidsfolki i programfyrebuingi, so det hev vore
mest praktiske, konkrete spursmål som hev vore dryfte. Sumt av dette
hev kome fram for ålmenta i programmi våre. Det gjeld dei norderlendske
kronikkane, som skal vera ein gong i kvartalet. Til dei samlar kvart lands
kringkastingsinstitusjon tilfanget og sender til dei andre, som då hev ein
mann til å arbeida det ut. Vidare hev det vore noko utbyting av
einskild-program, fyredrag og upplesing, skodespel o. s. b. Serleg forvitneleg og
um-tykt var eit stort ordskifte um «historien og vi som lever i dag» 13. desember

78

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 20:04:03 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nordkal/1937/0080.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free